|
Kilde:
Det Norske Næringsliv 1946 - Nord-Trøndelag Fylkesleksikon
Åsen herred
Åsen herad grenser i nord og aust til Skogn, i sør til Hegra og Skatval, i
vest til Trondheimsfjorden og Frosta og høyrde i si tid til Strinda fylke.
Heradet har ei flatevidd på 140,4 km2. Av dette er omlag 16 km2
dyrka jord, 52 km2 skog, og resten er elvar, vatn og fjell. Det
høgste fjellet heiter Stokkvola og er 512 m høgt.
Denne fjellhøgda ligg på Åsen
almenning (Sør-almenning). Den er 24.289 mål og var kongeleg almenning til
1789, men vart då seld til proprietær Testmand, Skogn. Han selde så ein del
til grosserar Hornemand, Trondheim. I 1830 vart den så utseld i parsellar
til ein del bønder i bygda, og i 1854 vart den kjøpt til bygdealmenning, men
kjøpesummen var fordelt på gardane etter skyldmark. Seinare vart
Nordalmenningen (Nordfjellet) som er 2.361 mål, kjøpt av Ole Hoplen for 20
dalar.
Kommuneskogane elles utgjer 3.220
mål med 2.320 mål produktivt skogland. Jordbruket er viktigaste
næringsvegen, men dessutan er det ein del skogbruk, fiske og industri. Dei
største gardane har 3-400 mål dyrka jord og opp til 4.000 mål skog. Av
dyrkingsfelt finst det ikkje sers store samanhengande vidder, når ein
undantek Vinmarka på 700 mål. Frå gamalt av var det mange setrar på
almenningen. Men etter at bygda fekk meieri (fyrst ved Grindal i 1875 og der
det no står i 1894), har det gått attende med seterstellet, og dei siste par
år har det ikkje vore nokon setrar i drift. Storparten av mjølka blir no
levert til meieriet.
Av fabrikkverksemder finst her 1
ullvarefabrikk (Nydalen - bygd av Martin Haabeth kring 1880 - og er no ei
avdeling av De Forenede Ullvarefabrikker), 1 fargeri, 4 sagbruk, 3 mylnor, 1
orgelfabrikk og fleire snikkarverkstader. Det er to andelselektrisitetsverk
i bygda. Dessutan er det to mindre kraftlag som leiger kraft frå
fylkesverket, og endeleg er det mange privatverk, men ein stor del av
heimane er diverre endå utan elektrisk ljos og kraft. Riksveg nr. 50 går
gjenom bygda frå Skatval gjenom Vuddudalen, rett inn for Fættfjorden, og til
Skogn (13,2 km), og riksveg nr. 706 frå Frosta - framom Nydalen og Hopla -
og gjenom Branndalen til Vedul ved Åsen kyrkje (12,4 km). Midt gjenom bygda
går også Nordlandsbanen som var opna til Sunnan i 1902.
Av trafikksenter kan nemnast Åsen
jarnbanestasjon, samt stadene Hopla, Lofjord og Sundal kai. Av postopneri er
der to, Åsen og Åsenfjord. Dei fleste heimane i bygda har telefon, og her er
to sentraler, Åsen telegraf og telefonsentral og Skjesol sentral i nedre
Åsen. Bygda har 5 skulekrinsar, og i tre av dei er det nye skulehus.
Inntil 1850 var det 2 kyrkjor, ei
ved Vang og ei ved Loe. Lokyrkja som var den eldste og stod ute ved
Lofjorden - vart rivi i 1850 og seld til Ola Saltøy, som ei tid brukte henne
til naust. Ho står no på Sverresborg Museum ved Trondheim. Og Vangskyrkja
vart rivi og flutt til Vedul (midt i bygda) i 1859. Og i 1902 brann denne
kyrkja ned, og den som no står vart bygd i 1903-04.
Bygda har eigen sparebank, skipa
i 1862, den har no ein forvaltningskapital på kr. 1.333.965. I 1921 vart det
oppsett ein stor og tidhøveleg gamleheim med plass til 30- 40 personar.
Kommunen har også eigen doktorbustad, der distriktslækjaren for Skogn og
Åsen bur no. Ved siste teljing (1930) var folketalet 1.787, delt på 458
husstander. Formuen utgjer kr. 6.079.000. Skattberande inntekt kr.
1.295.000. Der er 878 skattytarar. Samla heradsskatt kr. 142.934 etter ein
skatteprosent på 13 på innkoma og 3,60 o/oo på eiga. Pr. 30. juni 1942 hadde
kommunen ei gjeld på kr. 18.930. Og kontantmedel og fonds utgjorde tilsaman
kr. 120.192.
Til slutt skal nemnast at den
mann som kommunen er største takk sku1dig av dei som no lever, er lærar
h.v., bankkasserar og bonde O. M. Augdahl (fødd 8. juni 1847). Han var
bankkasserar i over 50 år og ordførar i 28 år.
Aasen Meieri,
Asen. Tlf. 7
Meieriet ble startet i 1896 som
andelslag. Øystein Larsen er bestyrer og Nils Fossing er styrets formann.
Leveransen skjer for det meste til Trondheim. Innveiet årlig melkemengde ca.
450.000 kg.
Åen
samvirkelag, Åsen
Åsen Samvirkelag vart skipa 5.
juli 1922 av nokre ihuga samvirkefolk innan bygda med det fyrernål å drive
vanlig handelsverksemd og umsetja landmannsvaror. Det var serleg vanskane
med umsetjing av landmannsvaror som dreiv samvirkesaka fram i Åsen. Der var
den gongen 5 private handelsmenn, men ingen av dei umsette dengong dei
produkt bøndene hadde å selja. Ein av dei private handelsmenn - Otte Grinde
- var likevel viljug til å selja sin forretningsgard til samvirkelaget, og
denne vart kjøpt 5. august same år.
Etter at lokala vart ein del
omgjort og vølt, vart så handelen opna 1. februar med Leif Dahling som
styrar og lærar S. Aarnseth som formann i styret. Styremedlemer elles var R.
Fiskvik, M. Larsen, S. Sæthe og S. Aavik. Ved starten hadde laget berre 88
medlemar og ein innbetalt andelskapital på ikring kr. 3.000. Styret måtte
difor kausjonere for eit lån på 15.000 kronor til driftsmidel. Dette var
litt vågsamt, men laget fekk etterkvart stor tilslutning, og alt fyrste året
vart det ein omsetning på kr. 207.590 og nettoforteneste på kr. 10.328, som
vart avsett til fonds eller brukt til avskrivingar. Styret sitt prinsipp var
ikkje å dela ut noko på kjøp før laget hadde driftsmidel nok.
Den 19. april 1932 vart det
vedteke å gå i gang med filial for nedre Åsen. Tomt vart kjøpt og ny
forretningsgard bygd, og alt l. desember same år vart filialen (Åsenfjord
samvirkelag) opna med Olav Loe som styrar. Same året vart det også bygd eit
stort og tidhøvelig bakeri. Laget hadde heilt frå starten og til denne tid
vore i jamn vokster, og på 10 års festen den l. februar 1932 uttala millom
anna distriktrevisor Tufte: ”Lagets stilling er meget god, og vi takker for
utmerket godt samarbeid med revisjonsavdelingen”.
No var dei fyrste og største tak
tekne, og det såg ut til at det no skulde bli ei roleg tid for styret. Men
året etter, den 29. april 1933, brann husa ved hovudforretningen ned til
grunnen, og alt av innbu og varor strauk med. Så var det å gå i gang med
bygging på nytt. Arkitekt Vold skaffa teikningar, og arbeidet vart bortsett
til Enok Tømmerås. Den 1. desember var dei nye hus ferdige. Der er romslige,
tidhøvelige og praktiske hus med ei grunnflate på 410 m2, og
kjellar under heile huset. I 1939 vart det også gjort i stand kjølerom for
kjøt og fisk. Frå 1936 har Olav Loe vore styrar (han var betjent frå starten
og til 1930), og dessutan arbeidar no 2 betjentar, 2 butikkdamor og 2
bakarar i forretninga. Omsetninga siste året (1941) var kr. 534.072 og
nettofortenesta kr. 21.153, utdelt på kjøp 5 %. Den innbetalte andelskapital
er no kr. 21.256 og status balanserar med kr. 134.701,24. Det er ingen gjeld
korkje på hus eller varor, og laget har ein kontantmedel på kr. 20.000.
Medlemstalet er no 248. S.
Aarnseth har vare formann i styret heile tida, og R. Fiskvik varaformann frå
starten og til 1940, altså 18 år. M. Larsen var også styremedlem i same
tidsrom. Dette minner om eit uvanleg godt samarbeid innan laget, og det er
vel fyrst og framst dette samarbeid som har gjort laget så sterkt som det er
i dag.
Åsen
Sparebank, Åsen
Den 1. februar 1862 holdtes etter
innbydelse av lensmann Wold, kirkesanger Peder Olsen og Chr. Bye, i
almuestuen på Vang et møte for å drøfte spørsmålet om opprettelse av en
sparebank for bygden. Møtet ble ledet av lensmann Wold, som opplyste at som
grunnfond til en bank hadde kommunen bevilget 3 spd. og i private bidrag 90
spd., samt som rentefritt og uoppsigelig innskudd i 2 år 140 spd. Plan for
banken ble approbert ved kongelig resol. av 19. mars s.å. Første styre ble
innbyderne med formann lensmann Wold og varaformann Peder Olsen. Den 22.
februar s.å. ble holdt første ordinære styremøte og der ble bevilget de to
første lån på tilsammen 95 spd.
Som styreformann har forrettet
fra starten til 1880 lensmann Wold d.e., fra 1880 til 1908 lensmann Wold d.
y., fra 1908 til 1917 lensmann A. S. Bye, fra 1917 til 1933 Johan Sundal og
fra 1933 John Wold. De øvrige styremedlemmer er for tiden Emil Grinde,
varaformann, lensmann Lunde, Sef. Sæthe og Nils Fossing. Som kasserer har
fungert fra starten og til 1868 John Wold d. y., fra 1868 til 1878 lærer
Søren Fiskvik, fra 1878 til 1896 P. O. Mæhre og i samme tidsrom O. M.
Augdahl som bokholder. Fra 1896 overtok O. M. Augdahl også kassererposten og
fungerte til 1933 og fra dette år R. Fiskvik.
Banken har den hele tid arbeidet
seg jevnt og sikkert framover, uten å være utsatt for nevneverdige tap. Fra
den beskjedne begynnelse har den no egne fonds på kr. 170.000 og en
forvaltningskapital på kr. 1.334.000.
Åsen
Telefonsamlag, Åsen
Selskapet er stiftet omkring 1900
som andelslag.
Åsens Andels
Elektritetsverk, Åsen
Formann i styret
forhenværende skulestyrar Anders Todal.
Aasenfjord
Samvirkelag, Ass. handelsforretning, Åsenfjord. Vareadr. Hopla. Tlf. 38
Forretningen ble
startet 1932 som filial under Aasen Samvirkelag, men ble utskilt som eget
lag i 1938. Forretningens nuværen,de bestyrer er Johs. Kalland, og styret
består av 6 medlemmer med O. Jensen som formann.
Omsetningen fordeler
seg på detaljhandel av assorterte handelsvarer og kjøp og salg av
landmannsprodukter. Lagets kundekrets består av gårdbrukere, fiskere og
fabrikkarbeidere, for det meste innen Åsen herred. Omsetningen siden starten
som eget lag:
1938 kr. 157.743,61, 1939 kr. 158.396,51, 1940 kr.183.564,37, 1941 kr.
184.000,00.
Samvirkelaget har egen forretningsgård ved veikrysset Hopla-Lofjord. Stasjon
for Shell bensin og oljer. forretningen beskjeftiger for tiden 3 faste
funksjonærer.
De
Forenede Ullvarefabrikker D.F.U A/S, avdeling Åsen
Kontoret er i Oslo, adresse Grensen 16. Administrerende direktør: E.
Bache-Wiig. Disponent: Wilhelm Horn. Selskapets aksjekapital kr. 4.000.000.
Denne bedrift ligger i Åsen herred i Nord-Trøndelag fylke, 6 km fra Åsen
stasjon ved Nordlandsbanen og 1 km fra dampskipsstoppestedet Hopla i
Åsenfjorden - en arm av Trondheimsfjorden.
Bedriften er grunnlagt av fabrikkeier Martin Haabeth. Han kjøpte i 1884 en
parsell av gården Hopla og den øvre av Hoplafossene. På denne parsell stod
da et møllebruk, som hadde hatt flere eiere i de ca. 30 år det hadde
bestått.
I 1885 ble de nødvendige
bygninger ført opp, og i desember samme år kom driften igang. Fabrikkene ble
betydelig utvidet i 1888 og 1889 ved oppføring av nye bygninger og
nyanskaffelser av maskiner. Haabeth drev fabrikkene under firmanavn
Nydalens Fabrikker til 1902, da
han solgte til Carl Norberg fra Tønsberg og Martin Nilssen fra Aalgaard.
Under firmanavn Nydalens Fabrikker
Norberg & Nilssen fortsatte så driften helt til 1915, da
Aalgaards Uldvarefabrikker kjøpte fabrikkene av Martin Nilssen, som siden
Carl Norbergs død i 1909 var eneinnehaver. Bedriften hadde så navnet
Aalgaards Uldvarefabrikkers Filial, Nydalen
til 1916, da den ved den store sammenslutning av ullvarefabrikker fikk sitt
nuværende navn. Den 1. juli 1912 brente fabrikkene med kontor- og
lagerbygninger og flere arbeiderboliger helt ned. Ved gjenoppføringen i
1913-14 ble fabrikkbygningene ført opp av hel mur, mens arbeiderboligene ble
ført opp av tre i større avstand fra fabrikkene enn før.
Da bedriften kom i gang i 1885
gav den beskjeftigelse til vel 30 personer, avdelingssjefer iberegnet. Dette
tall øket etter hvert som den stigende tilgang på arbeid nødvendiggjorde
utvidelser og nyanskaffelser av maskiner. Bedriften var fra starten av tenkt
til å drive leiearbeid i ullvarebransjen. Det vil si at fabrikkene ved
stedlige representanter (kommisjonærer) i bygder og byer tar mot materialer
- ull og filler - som spinnes til garn av ymse slag (strikkegarn, renning og
innslag) eller veves til tøyer, tepper, sjal eller pledd etter prøver og
mønster i fabrikkenes kolleksjoner og kataloger for leiearbeid. Likeså
mottas heimevevde tøyer til vasking, stamping, farging, pressing og annen
beredning - beredningsgods.
De ferdige varer sendes fra
fabrikkene til kommisjonærene, som leverer dem til eierne mot innbetaling av
arbeidslønnen. Ved siden av dette leiearbeid drev fabrikkene også tilvirking
av ymse varer til salg for egen regning; men denne produksjon var i
bedriftens første år av beskjedent omfang. Leiearbeidet utgjorde den alt
overveiende del av produksjonen.
I dette forhold er det skjedd en
forandring med årene. Da bedriften kom i gang i 1885, var den den første i
sitt slag nordenfor Dovre, og det var heller ikke mange konkurrenter
sønnenfjells. Trøndelag og Nord-Norge var da fabrikkenes naturlige oppland.
Men det kom også mye ull fra de tilgrensende deler av Møre og Romsdal og fra
bygder som hadde jernbanesamband med Trondheim. Etter hvert som årene gikk,
ble flere konkurrerende bedrifter startet i Trøndelag og Nord-Norge. I
senere år har bygdefolk som følge av mangel på kvalifiserte håndverkere i
bygdene, og også for å få seg klær fort og lettvint, vennet seg til å kjøpe
ferdige klær. Derved er behovet for leiearbeid gått noe ned. Denne nedgang
og den fordelingen av omsetningen, som starten av konkurrerende bedrifter
flere steder i landet førte med seg, har gjort at tilvirkingen for egen
regning - salgstilvirkningen om en vil - no i våre dager utgjør en langt
større del av fabrikkenes produksjon enn tilfelle var i de første år.
Fra først av var det langt mellom
kommisjonærene. Etter hvert som lokaltrafikken ble bedre, steg mulighetene
for og trangen til raskere ekspedisjon. Fabrikkene fikk derfor flere
kommisjonærer enn før, og dette bidrog igjen til å øke omsetningen.
Kommisjonærene fordeler seg no over Hedmark, Opland, Sør-Trøndelag,
Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark fylker. I disse fylker finnes
neppe et herred uten at fabrikkene har minst en kommisjonær. - Under vanlige
forhold kommer de største ullmengder fra Troms og Nordland fylker. Men under
de nuværende vanskelige transportforhold (1942) med store innskrenkninger
både i kysttrafikken og lokaltrafikken i Nord-Norge har Sør-Trøndelag
førsteplassen når det gjelder mengden av innsendte materialer.
År om annet mottar fabrikken fra
sine kommisjonærer landet over omlag 130.000 kg ull og store mengder filler
av ymse slag. Før utgjorde spinning storparten av leiearbeidet. Men i de
seinere år har vevearbeidet øket mens spinningen har minket. Dette henger
naturlig sammen med en alminnelig tilbakegang i heimevevingen utover landet;
men det har også andre nærliggende årsaker som en ikke trenger å peke på.
Som følge av den alminnelige nedgang i heimevevingen har også mengden av
innsendt beredningsgods vært avtakende. Ved full drift kan fabrikkene lage
ca. 90.000 m tøyvarer og 89.000 kg garn årlig. Storparten av tilvirkingen
for salg er dress- og kåpestoffer, men en del tepper lages også.
På bildet ser en fabrikk- og
lagerbygninger. Huset i forgrunnen er materiallager (35 m x 13 m). Fra
materiallageret fører ei bru over til 3. etasje i trappeoppgangen og
elevatorhuset. I selve fabrikkbygningen, som er 60 m x 17 m, er veveriet i
fremste delen av l. etasje, mens appreturavdelingen opptar resten av
etasjen. Spinneriet opptar 2. etasje. I 3. etasje er garnlager, tvinne-,
spole-, hesple- og dobleringsmaskiner og tøylager, ekspedisjon og kontorer.
Bygningen til venstre i bakgrunnen er fargeri. Nedenfor fargeriet i dets
lengderetning og bak den store fabrikkbygningen ligger kraftstasjonen ved
Hoplaelven. Fallhøyden i fabrikkenes foss er 8 m og kraftstasjonens yteevne
170 kW.
Bedriften sysselsetter ved full
drift 11 funksjonærer og omlag 80 arbeidere. Dette siste tallet kan i den
travleste delen av året, når det blir nødvendig å sette i gang skiftarbeid
på en eller flere avdelinger, stige en del.
Driftsbestyrer Kr. Aasland leder driften ved fabrikkene.
Elvheim
Farveri, Åsen. Tlf. 30
Bedriften ble startet i 1890 som fargeri og drives som sådant fremdeles.
Bestyrer og eier er Johs. Lund som også er innehaver. Der drives i egen
eiendom.
Fossing Bruk,
Åsen
Fossing Bruk i Asen
ligg omlag ein halv kilometer frå Asen stasjon. Det vart grunnlagt i 1878 av
Arn Solheim Bye, og det var den gongen mylne sagbruk og smie. Til å byrja
med var det 3 Selbukvernsteinar og ein skalestein, men Selbusteinane vart
etter kvart utskifta frå 1908 og utover. Sidan vart mylna utvida til 5
steinar. I 1897 vart det kjøpt høvlemaskin, og noko seinare vart det og eit
tilbygg for frørensing. I 1931 vart det kjøpt maskin for kornrensing og
beiseapparat for såkorn.
Frå 1909 vart det i smia arbeidd
sleperivor (venderivor) som vart sendt vidt utover - til Gudbrandsdalen,
Telemark og andre stader - til Færøyane vart det og tinga ei. Det kom fleire
skriv frå kjøparar som sa seg sers nøgd med rivone. I førre verdenskrigen
var det vandt om materialer og verksemda innstila. I 1938 vart den gamle
mylna rivi, og ei ny og meir tidhøveleg reist i staden på same tomten. Etter
at Arn S. Bye døydde i 1917 vart bruket styrt av sonen Nils Bye, til han i
1930 kjøpte det, og har sidan drive det for eiga rekning. Det er etter kvart
vorte utbygt og modernisera, soleis at det i dag står som ei heilt moderne
mylne med alle maskinelle hjelperåder som tidi krev. Det hev vore til hjelp
for bygda at eit sovore anlegg finst i nærleiken. For berre ein bonde som
driv rasjonelt veit kva det vil segja å t.d. hava reint såkorn.
Fossing
Mølle, Eigar Nils Fossing, Åsen. Tlf. 2
Mylna er bygd i 1903
av Johan Fossing, men vart yverteken av ny eigar i 1930. Den ligg lagleg til
i Fossingelva, tett med riksvegen. Den er bygd for turbindrift, og er godt
utstyrt med maskinor, m.a. skalingsmaskin, havregrynvalse o.a. Huset er bygd
i 2½ høgd, ca. 9 x 12 m, og nye turkehus. Verksemdi gjeng ut på leigemaling
for gardbrukarane i Åsen, Skogn og Skatval herad. Der arbeidar fast 1
leigemann.
Haabeth,
Trygve, Hopla, Åsen, Tlf. Asen nr. 15
Startet
27. mars 1925 av Trygve Haabeth, som er firmaets innehaver. Bedriften
omfatter gårdsbruk mølle- og sagbruk, assortert handelsforretning og
dampskipsekspedisjon.
Firmaets eiendom Hopla ligger
lunt og koselig ved riksvegen fra Åsen kirke til Frosta, 1 km fra Hopla kai
og ½ mil fra Åsen stasjon ved Nordlandsbanen. Eiendommen er på 1.000 dekar,
hvorav 100 dekar er dyrket. Resten er skog, havnegang og byggetomter.
Gjennom eiendommen flyter Hoplaelven, som kommer fra det tilstøtende
Hammervann. Elven antas å ha en minimumsvannføring på mellom 3 og 4 m3
pr. sek., og Hoplafossen i vassdraget med sine mellom 11 og 12 m fallhøyde
representerer således i fullt utbygget stand 3 à 400 H.K. Herav er bare 60
H.K. benyttet til drift av eget elektrisk anlegg i forbindelse med mølle og
sagbruk. Framtidsmuligheter for betydelig utvidelse av anlegget er i høy
grad til stede.
Gårdsbruket før f.t. 2 hester, 8
melkekyr, 6 ungdyr, 2 griser og 16 høns. Møllen og sagbruket er vesentlig
beskjeftiget med leiearbeid. Handelsforretningen er vanlig landhandleri.
Tilhørende bakeri er ikke i drift. Dampskipsekspedisjonen omfatter særlig
arbeid med normalt daglige anløp av Frosta Dampskipsselskaps båter. Firmaet
har ordinært 10-12 mennesker i fast arbeid med vanlig leiet hjelp til skogs-
og gårdsarbeid. Utenom Åsen er firmaet som aksjonær interessert i skipsfart,
hvalfangst, industri, bank- og forsikringsvirksomhet, og har agentur for
Trondhjems Forsikringsselskap og Gjensidige.
Husby,
Ragnar, Ski- og møbelverkstad, Åsen. Tlf. 85
Ragnar Husby hev millom anna gjenge 2 vinterkurs ved maskinavdelingen ved
Blaker Skanse Arbeidsskule og eit kurs ved Møre & Romsdal fylkes
Arbeidsskule. Etter endt utdaning tok han i 1937 til for seg sjølv, med
verkstad i leigde rom. Seinare bygde han eigne hus der verkstaden fekk plass
i fyrste høgda og bustad i andre høgda, og flytta inn i 1939. Verkstaden har
ei samla golvflate på 200 m2. For tida er under bygging eit
tilbygg til verkstaden. Denne er heilt moderne med tidhøvelege maskinor.
Det vert drive fabrikasjon av
alle sortar møbler ogso stoppa - etter eigne og innsende teikninger eller
modellar. Der er spesialverkty for fabrikasjon av ski og skistavar, desse
vert levert direkte som ogso mest alle møblane vert. Det skal serleg nemnast
at fabrikken hev laga skiløparen Olav Oddens patenterte splitcanestav. Når
den utviding er ferdig som er under fyrebuing, er det meininga at ski- og
møbelfabrikken skal få kvar sin avdeling. Jamt over er der 6-7 mann i
arbeid. Firmaet var med i Levangerutsttllinga i 1936. Herr Husby tek ogso på
seg å byggja hus og har sett upp fleire store trebygningar.
Johansen,
A., Kafé og bakeri, Åsen
Forretningen er etablert i 1919 som bakeri og fra 1930 har også vært drevet
kafé. Helt fra åpningen har virksomheten vært drevet i egne lokaler. I 1935
ble de benyttede lokaler solgt og nytt hus ble bygget på andre siden av
vegen, beliggenhet like ved riksvegen et par minutter fra jernbanestasjonen.
Kafeen er et meget benyttet spisested for reisende, særlig om sommeren.
Leanger, Nils,
Urmaker. Åsen. Tlf. 3
Alt i 14 års alderen
tok han til å putle med ur, og heldt ogso fram med det i fristundene heime
på garden. Men klokkereparasjonane auka so fritida på garden strokk ikkje
til. Tok difor ut og kom i lære hjå urmaker Ludv. Wærdahl, Valsøyfjord, og
gjekk ut derifrå i 1905. Opna straks forretning i Åsen og dreiv der til han
i 1919 tok millombels opphald i Meldal og hadde verkstad der til 1923.
Reiste so attende til Åsen der han sidan har hatt verkstad i eigen gard.
Verkserndå omfatter reparasjonar og sal av ur, optikk og brillereparasjon.
Har handelsbrev. Er medlem av Norges Urmakerforbund.
Lynum,
M., Ass. landhandel, Åsen. Tlf.
Opprinnelig ble
forretningen etablert av Jens Frigaard, omkring 1875, og er den eldste
forretningen som no er i drift på stedet. Ved hans død i 1921 overtok hans
døtre Marie Lynum og Ovedia Lund den, og drev den til 1935. Firmanavnet M.
Lynum er registrert i 1935. Siden da har forretningen vært bestyrt av Kåre
Lynum. Den drives fremdeles i samme hus som ved starten og omfatter vanlig
assortert landhandel. Ved siden av drives også gårdsbruk.
Nøkken A/L,
Åsenfjord. Tlf.
Bedriften er startet i
1936 og omfatter framstilling av fiskeredskaper, spesialitet fiskesluk.
Omsetningen skjer dels en gros og dels en detail. Det arbeider 7 mann i
fabrikken, mens for øvrig det meste av arbeidet utføres på akkord i heimene
rundt i bygden. Formann i styret er Olaf Leangen. Forretningsfører er Harald
Holthe.
Skogn, Frol og
Aasen Branntrygdelag, Åsen
Skogn, Frol og Aasen
branntrygdelag er stiftet den 9. juni 1834 og het da Skogn og Aasen
brandassuransesamfund. Dette ”brandassuransesamfund” fikk kongelig
approbasjon først den 7. september 1844 og er et av de eldste branntrygdelag
i Trøndelag.
Det første møte ble holdt på
gården Håve i Skogn og ble ledet av sakfører P. Wiig som seinere ble foged
på Inderøy, og sakfører R. Hansen som seinere ble sorenskriver i
Gudbrandsdal. Disse to menn var de egentlige stiftere av trygdelaget, og R.
Hansen var den første formann i direksjonen. Trygdelaget omfatter no de tre
bygder Skogn, Frol og Aasen og har for tiden en forsikringsbestand på ca.
18.000.000 for hus og løsøre. I trygdelagets første tid bruktes ikke fast
årlig kontingent, hvert branntilfelle ble utliknet på medlemmene etter
taksten på hus og avling. Med denne ordning virket trygdelaget like til 1874
da man fant at planen trengte forandring, og det ble da overdratt P. A.
Sæther, Olai Olsen, Kristian Bye og P. Olsen å utarbeide en ny plan samt
regler for en løsøreforsikring i forbindelse med husavdelingen.
Utviklingen medførte at der på
generalforsamlingen den 2. juli 1887 ble pålagt formannen kirkesanger P.
Olsen, Åsen, å omarbeide planen, som så ble approbert ved kongelig
resolusjon den 25. mars 1892. Denne plan fungerte til 17. januar 1936 da den
nye nogjeldende plan, som er forandret ifølge forsikringsavtaleloven av 6.
juli 1930, og vedtatt av generalforsamlingen den 6. juli 1935.
Som formann i dette tidsrom har
fungert: Sakfører Hansen fra 1834 til 1848, Lorents Oxaal fra 1848 til 1852,
kirkesanger P. A. Sæther fra 1852 til 1868, kirkesanger P. Olsen fra 1868
til 1900, bankkasserer O. M. Augdahl fra 1900 til 1928 og fra 1928
bankkasserer R. Fiskvik. De første revisorer var sorenskriver Klykken,
Levanger og lensmann Wold, Åsen.
Trygdelaget har gjennom årene
hatt forholdsvis stor brannskade, særlig i etterkrigsårene til 1930 måtte
man gå til utlikning av ekstra premie og oppta lån. Brannskadeerstatningen i
perioden 1901 til 1920 var kr. 209.726. I perioden 1921 til 1930 kr.
303.000. Av slokningsmateriell er kjøpt 12 4-mannssprøyter med hver to
brannseil. Disse sprøyter ble fordelt på de tre bygder og plasert i egne hus
i 1935. Dessuten yter trygdelaget bidrag til innkjøp av Tryggapparater og
til gravning av brønner i nærheten av de trygdede hus. Disse tiltak har
kostnadsmessig sett betalt seg mange ganger. Motorsprøyter er ikke anskaffet
enno da der i de fleste tilfelle mangler vann til bruk for sådanne.
Forsikringssummen det første driftsår 1834 var 65.095 spesidaler. I 1880 kr.
2.306.100. I 1900 kr. 4.050.000. I 1942 kr. 17.822.998.
Premiesatsen de første år var 1
skilling for måneden for 100 spesiedaler trygd eller senere 5 øre pr. kr.
100 trygd for hus og 3 øre for løsøre.
Premiesatsene no er 15 øre pr. kr. 100 for hus og 12 øre for løsøre, 1.
klasse. Styret består av R. Fiskvik, Åsen, Fredr. Munkeby, Frol, Kristen
Fostad, Skogn, som også er trygdelagets kasserer.
Torkildsen,
Brødr., Orgelfabrikk, Åsen
Firmaet ble startet
1878 av Peder og Ivar Torkildsen. Bestyrer Ivar Torkildsen. Bedriften
omfatter fabrikasjon av orgler, til kirkebruk og til private. Der foretas
også alle sorter reparasjoner og stemming av instrumentene. |