|
Ho opnar seg for deg så ljos og brei,
med åkrar og engar på kvar ei lei,
med dal og li millom vegar og sti,
:/: Du heimen og grenda og bygda mi:/:
Og Frol heiter bygda i
Nord-Trøndelag.
Her livssola ljose rann over din dag.
Og grøderik jord frå fjell til fjord,
:/: gav næring og vokster til liten og stor.:/:
Å, herlege utsyn med hildrande makt,
der Hårskallen enno held vardevakt.
Mot bygda er ser frå fjellheimen her,
:/: og veit med meg sjølv – denne bygd er meg kjær.:/:
Frå kloster og skanse og
sogeblad,
Kjem fedreåsyn i flokk og rad.
I steinen hard dei runer skar
:/: sitt bumerke hadde kvar einaste gard.:/:
I dag er du mannen som byggjer bu,
i von om framgang og sterk i tru.
Og reiser du ut, så trur eg tilslut
:/: at tankan’ vil heim der du leika som gut.:/:
Og kjem du som framand til bygda ein dag,
Så kjenn deg som heime i vene-lag!
Velkommen som gjest! Velkommen til fest!
:/: La tankane stige! Det høver seg best! :/:
|