Til Levanger kommunes hoveside/hjemmeside

Kommunestyret 15.12.04 - Si DIN mening i sakene
<< sakliste
<<
|
>>

              

080/04

REVISJON AV HANDLINGSPROGRAM, KOMMUNAL PLAN FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET 2004/-05

saksutredning

081/04

REGNSKAP FOR BRUK AV TILSKUDDSMIDLER TIL BOLIGER I SKOGN HELSETUN

saksutredning

082/04

LEVANGER BOLIGFORVALTNING KF - BUDSJETT 2005

saksutredning

083/04

AVGIFTSGRUNNLAGET FOR VANN OG AVLØP

saksutredning

084/04

DISTRIKT NORD - DAGTILBUD

saksutredning

085/04

BUDSJETT 2005

saksutredning

Her kan du si DIN mening i sakene i kommunestyrets møte 15.12.04
(Klikk på konvolutt. OBS! ønskes anonymitet i innspill må dette oppgis spesielt)

14.12.04 Sak 085/04 Budsjett 2005 - Levanger Historielag

Flatåsen, 11. desember 2004

Til Levanger kommune ved ordførar Odd Thraning

Grendeskolane

Om formålet til Levanger Historielag står det i punkt l i vedtektene:
"Laget vil arbeide for å auke forståinga for samanhengen mellom fortid og nåtid, og dei verdiar vi bør ta vare på for framtidige slekter." Ut i fra dette vil Levanger Historielag gjerne vere med som pådrivar for at grendeskolane framleis kan bestå.

Skolekretsane i Levanger har vori dei naturlege geografiske områda for grendeskolane, som samsvarar med eigne nærmiljø og lokalsamfunn. Grensane for lokalsamfunna er gamle og består stort sett framleis.

"Stor-Levanger» vil neppe bli eit naturleg lokalsamfunn, fordi eit lokalsamfunn kan ikkje vere større enn at kvar enkelt kan føle at "det er her eg høyrer til".

I skolekretsane, som altså er identiske med nærmiljøa og lokalsamfunna, er det skolen som er den viktigaste møteplassen. Her møtes alle, barn, foreldre, besteforeldre og andre til ymse tilstellingar gjennom året. Ofte er det idretts- og leikeplassar og liknande ved skolane. Barn og unge føler røtter og tilknyting til heimplassen, som er nettopp skolekretsen og samfunnet rundt skolen. Slik har det vori, og slik er det framleis der grendeskolane består. Kjennskap til eige oppvekstområde skapar nærleik, fellesskap og tryggleik i livet. Tilflyttinga av unge familiar til byggefelta i kretsane har vore stor, og det er nok fordi foreldra ynskjer gode og trygge oppvekstkår for barna med grendeskolen som midtpunkt.

Geografisk nærleik gir mulegheiter til å lære der ein bur. I den nye skoleplanen, L97, under avsnittet "Skulen og lokalsamfunnet", er det lagt opp til utvida bruk av nærmiljø og lokalsamfunn i undervisninga. Og her har grendeskolane store mulegheiter for læringsopplegg med grunnlag i elevanes eige nærmiljø og lokalsamfunn. Det vil vere lett å finne fram til kunnskapar om historie, hendingar, utvikling m.m. som naturleg høyrer til elevanes behov for lokalkunnskap.

Framtida for grendeskolane må ikkje bygge på vekslande økonomi i kommunen. Forventa innsparingar i endra skolestruktur er svært usikre, og sett i forhold til dei livsverdiar som grendeskolane står for, så er disse verdiane mykje viktigare enn eventuelle usikre økonomiske innsparingar nokre magre år.

La grendeskolane med sine mange positive bidrag til gode nærmiljø og lokalsamfunn få leve vidare utan truslar om nedleggingar. Det er viktig å legge opp til langsiktige planar for skolestrukturen i Levanger som fastslår at grendeskolane bør bestå.

Nå er det byskolen i Levanger det gjeld, og vi er redd for at den eldste skolen i kommunen forsvinn. Det vil vere eit følbart tap for sentrum, som og skal vere "SlowCity"-staden i Levanger. Bygningane vart påkosta vel tjue millioner for få år sidan og er tidsmessig utstyrt med lokale for læring og trivsel. Både elevar og lærarar trives, noe som det låge sjukefraværet viser. Korleis vil det gå med Gulbygget og det unike skolemuseet dersom skolen vert lagt ned?

Vi vil minne om det som stod i Trønder-Avisa fredag 21. september 2001: " Levangerordfører Odd Traning lover at skolene i Levanger nå skal få fred for nye nedleggingsforslag. Nå vil han gjøre Levanger til landets beste skolekommune."

Og i Levanger-Avisa torsdag 9. desember 2004:
"Nøyaktig hvor mye kommunen kan spare på å legge ned Levanger skole er ikke interessant, mener rådmannen, det vil være en stragisk beslutning."

Levanger Historielag
Ola Indgaard
(leiar)                                                                                                            
kommentar/nytt innspill: Si DIN mening om kommunestyresakene  ^

<< sakliste
<<
|
>>
Gå til Levanger kommunes hovedside ^